Første gongen det har vore rift om rodene

Tidsnaud gjorde at partane ikkje vart kalla inn til møte, svarer einingsleiar Christina Steffenssen.
Nyheter

(vikebladet.no) Steffenssen, som er einingsleiar for kommunalteknikk og VAR i Hareid kommune stadfestar at det einaste kriteriet tilbydarane skulle vektast på var beredskap og timepris. Grunnen til det er at det historisk sett har vore særs vanskeleg for kommunen å få tilbydarar til å kome med tilbod på vinterdrift. Til trass for utlysinga i lokalavis har kommunen likevel måtte gå til aktuelle personar som eig maskiner og spurt om dei kunne hjelpe kommunen med vinterdrift av kommunale vegar. Ofte utan hell.