Ørsta:

Opnar stengt veg i Norangsdalen

Fylkesveg 655 i Norangsdalen opna tysdag etter å ha vore stengt i fleire dagar.
 
Nyheter

Oppdatert onsdag kl. 11.50: Vegen er igjen open for normal trafikk.

Fylkesvegen mellom Ørsta og Tryggestad blei stengt på laurdag i forkant av uværet «Cora».

Ifølge ei twittermelding frå Vegtrafikksentralen Midt-Norge blir vegen opna tysdag frå klokka 11.00 til klokka 22.00.

I dagane framover blir det gjort vurdering utifrå vêrførehald om vegen blir opna.

Vegmeldingar frå vegvesenet for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Vegmeldingar frå vegvesenet for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)