(vikebladet.no) Olebuda Eigedom As er eit firma som har eksistert sidan 1996. Det er ikkje nytt at dei tilbyr brøyting. Dei har brøytt for private i fleire år, men det er nytt at dei no skal brøyte kommunalt.

Det er Riise som eig hundre prosent av aksjane i Olebuda, og det er han som står oppført som dagleg leiar og den einaste personen i styret for firmaet. Men Riise svarer Vikebladet Vestposten at det ikkje er han som skal stå for brøytinga.

Fire tilsette

– Olebuda Eigedom As skal utføre arbeidet og har knytt til seg tilsette som skal utføre arbeidet slik som dei andre brøytarane, svarer Riise og meiner det ikkje er naturleg å nemne namnet på dei fire personane i avisa.

Hareid kommune stiller krav om at dei som brøyter har kvar sin ressurs per rode, og at det må vere to ulike ressursar.

– Olebuda har to traktorar og har knytt til seg fire personar som skal utføre arbeidet. Eg er ikkje ein av desse faste ressursane, men vil bidra som reserve om det skulle vere behov for det. Men det er noko eg trur vil vere svært begrensa då eg har full jobb frå før, svarer Riise og legg til at no har me hatt dei første snøfalla. Med litt justeringar på rutinane og betre kjennskap til rodene vil resultatet no bli jamnare og betre enn det var i starten.

– Ikkje problematisk

– Synest du sjølv denne saka er problematisk når du er ordførar for Hareid kommune?

– Eg ser ikkje dette som problematisk då eg ikkje har bidrege i saka på noko vis og det er administrasjonen som handterer kontraktar for kommunen. Dersom det skulle vere noko som skulle verte handsama politisk vil eg sjølvsagt gå ifrå som ugild slik også andre politiske medlemar i formannskap og kommunestyret gjer med jamne mellomrom, svarer Ander Riise.

Han presiserer også at all e-postkorrespondanse han har hatt med Hareid kommune om snøbrøyting på vegner av Olebuda AS har han gjort gjennom epost-adressa til Olebuda, ikkje den kommunale e-postadressa si.

Saka vart først publisert på vikebladet.no