Heilt uprovosert gjekk to menn i 20-åra til åtak på ein annan mann som skulle kjøpe seg mat ved ein bensinstasjon i Ørsta i romjula for eitt år sidan.

Den eine rista mannen gjentekne gonger, slik at hovudet fall bakover. Den andre slo mannen to gonger i ansiktet, med olbogen og med knytt hand.

– Det er tilfeldig at mannen ikkje blei påført meir skade, meiner Søre Sunnmøre tingrett som ser alvorleg på at valden blei utført i fellesskap mot ein person som ikkje hadde sjanse til å forsvare seg.

Han som er dømd for kraftig risting er dømd før for liknande forhold tidlegare. Straffa var den gong fem månader fengsel. 60 dagar av straffa var på vilkår, og den siste valdsepisoden skjedde i prøvetida for dommen. Han er no dømd til fengsel i 60 dagar.

Den andre, som ikkje er dømd for liknande før, er dømd til 90 dagar fengsel.

Saman må dei betale den krenkte mannen vel 1300 kroner i erstatning for økonomiske tap i samband med skaden. Dei må også betale 7.500 kroner i oppreisingserstatning til mannen.

Dei to har tilstått valdsepisoden, som også var fanga på overvakingskamera.