I rekneskapen for 2016 – den siste som er offentleg tilgjengeleg – skriv styret i Ulstein Power & Control (UPC) om dei vanskelege tidene. Dei trekkjer fram kraftig auke i det norske kostnadsnivået siste åra, og meiner det er viktig å styrke aktiviteten i lågkostland, for å auke konkurransekrafta.

I 2015 blei det bestemt å overføre resten av produksjonen i Norge til eit søsterselskap i Kina. Dette var i hovudsak gjennomført i 2016.

Underskot i fleire år

Ordresituasjon og utsikter blei for eitt år sidan vurdert som svakare enn tidlegare år. Styret varsla at kostnadsreduserande tiltak vil halde fram også i 2017.

UPC omsette for 162,4 millionar kroner i 2016 – nærare ei halvering frå året før.

Ifølgje offentlege rekneskap har selskapet hatt underskot i fem av dei seks siste åra – samla på over 60 millionar kroner.

I årsmeldinga går det også fram at UPC har stor aktivitet innan forsking og utvikling, spesielt retta mot løysingar innan automasjon.

Skil ut eige selskap

Produktområdet, med mellom anna satsinga på automasjon og X-Connect, blir no skilt ut i eit eige selskap. Det same gjeld for området Service. Til saman vil det likevel kunne bli ein reduksjon av om lag 20 til 25 stillingar, opplyser konsernet til Sunnmørsposten.

Dei to selskapa vil bli lagt inn under andre område i konsernet. Om lag 35 til 40 personar vil jobbe i desse to selskapa.

(saka held fram under bilde)

– Svært leit

–Det er svært leitt å måtte seie opp medarbeidarar som vi gjerne skulle hatt med oss vidare. Marknaden har vore svært krevjande og ordreinngangen for Ulstein Power & Control har vore svak over lengre tid, seier konsernsjef Gunvor Ulstein til Sunnmørsposten via kommunikasjonsavdelinga.

Marknaden har vore svært krevjande siste åra, noko som har gitt for få ordrar for Ulstein Power & Control både i 2016 og 2017. Selskapet står difor overfor ei krevjande omstilling og omorganisering.

– Omstilling tek tid, og det krev mykje ressursar. Vi har tru på at dei endringane vi gjer, med å etablere to eigne selskap som skal ha fokus på Produkt og Service, skal styrke oss framover, seier Ulstein.