Det stadfestar Mona Aagaard-Nilsen i helseføretaket overfor Sunnmørsposten.

Ho er klinikksjef for drift og eigedom i helseføretaket, og er prosjektleiar for ein ny bygningsmessig utviklingsplan som skal styrebehandlast 21. februar.

Sunnmørsposten omtalte i haust ein konsulentrapport som føreslo å samle matproduksjonen i Helse Møre og Romsdal i eit nytt storkjøkken på det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal som skal byggjast på Hjelset utanfor Molde.

Folkeopprør

– Samling av all matproduksjon i Helse Møre og Romsdal er ute av planforslaget, seier Aagaard-Nilsen.

Svært gledeleg

Bjarne Kvalsvik og Kari Ristesund i Uavhengig valliste Sunnmøre var mellom dei som engasjerte seg sterkast i saka. I oktober lanserte dei underskriftskampanje for å berge dei to kjøkkena. Dei har samla inn over 10.000 underskrifter, og har jobba for å få møte med mellom andre helseministeren.

– Dette var svært gledeleg nytt, seier Bjarne Kvalsvik til Sunnmørsposten då vi fortel at sjukehuskjøkkena ikkje lenger er truga.

– Dette viser at dei har tatt signala frå grasrota og folket på alvor, vurderer Kvalsvik. Han fortel om svært stort engasjement rundt saka på Sunnmøre.

Kjøkkensjef og seksjonsleiar Hilde Lehmann Valde på Ålesund sjukehus har ikkje fått beskjed om at samanslåing er ute av planane då Sunnmørsposten tek kontakt.

– Vi ventar på offisiell beskjed, seier kjøkkensjefen. – Men om dette stemmer er det svært gledeleg, seier ho.

Konsulentane hadde også forslag om å samle steriliseringssentralane i det nye sjukehuset. Også dette forslaget er lagt bort.

Bjarne Kvalsvik og Kari Ristesund starta underskriftskampanje for sjukehuskjøkkena i Volda og i Ålesund. Foto: Endre Vorren/Vestlandsnytt