(Fjordingen) Via Ferrata i Loen melder om suveren besøksrekord i 2017, men Loen Active skal likevel utvikle «rutetilbodet» i den stupbratte fjellveggen på Hoven til sesongstart 2018.

– Ja, vi satsar vidare med nye alternative klatreruter. Vi vil opne 2018-sesongen med nye klatreruter som både er tøffare, villare og råare. Nokre vil ha større utfordringar, og det er slik kan vi få dei som allereie har besøkt Via Ferrata i Loen til å kome tilbake, seier dagleg leiar av Loen Active, Erik Brendefur.

Besøksrekord i 2017

Loen Active og Via Ferrata kan vise til rekord i 2017 med mellom 10.000 og 15.000 besøkande.

Brendefur fortel at stadig fleire vel å nytte hjelp frå guide opp dei vel 900 høgdemeterane opp til stien til toppen av Hovenfjellet på 1.100 MOH.

– På eitt år hadde vi ein auke på 70 prosent av gjestar som tok med guide i Via Ferrataen. Det er veldig mykje, men vi anbefaler alltid våre gjestar å ha med guide, fortel Brendefur.

Trur på ny besøksrekord i år

I fjor hadde vi 5.100 gjestar i Via Ferrataen som tok med guide. 3.200 gjestar leigde utstyr. I tillegg er det om lag 3.000 og 4.000 personar som nyttar Via Ferrata utanom, forklarar Brendefur.

– Det gir oss nesten 15.000 gjestar i 2017 og det er tidenes sesong for oss sidan oppstarten i 2012, seier Brendefur.

Han har likevel stor tru på ein ny rekordsesong i år.

– Ja, absolutt. Det er stor aktivitet og aukande turisme i Nordfjord, Stryn og Loen. Vi merker sjølvsagt på besøkstala at Loen Skylift er på plass, forklarar Brendefur.

Via Ferrata reknar sesongen frå 1. mai til 1. november. Forventa varigheit pr. tur med guide er mellom fem og seks timar inkludert pausar.

Denne saka vart først publisert av Fjordingen