Kollisjon på Eiksundbrua i Ulstein

To barn og ein vaksen til sjukehus med luftambulanse

To bilar med i alt fem personar i skal vere involvert i ulykka.

  Foto: Tipser

Nyheter

Oppdatering: Laurdag kveld informerer Helse Møre og Romsdal om tilstanden til dei tre. Ei jente har fått moderate skadar, ei anna jente har fått lette skadar og ei kvinne har fått moderate skadar.

- To barn og ein vaksen frå den eine bilen vert frakta med luftambulanse til sjukehus for vidare undersøkingar, opplyser politiet klokka 14.20. Både Eiksundbrua og Eiksundtunnelen var stengt som følgje av hendinga, men skal litt etter klokka 14.30 begge vere opne igjen.

Naudetatane har rykka ut etter melding om ei trafikkulykke på Eiksundbrua i Ulstein kommune, skriv politiet i ei Twitter-melding klokka 13.37.

To bilar med i alt fem personar i skal vere invovert.

- Vi er førebels ikkje framme på staden og kan difor ikkje seie noko om eventuelle skadar no, fekk Sunnmørsposten opplyst hos operasjonssentralen tll politiet kort tid etter.

Vegrafikksentralen midt varsla klokka 13.48 at Eiksundtunnelen var mellombels stengt som følgje av hendinga.

- Alle er ute av bilane, og ingen var fastklemde. To barn og tre vaksne får behandling av helsepersonell, heitte det frå politiet klokka 13.54.

Eiksundbrua ligg på fylkesveg 653.