I Skodje kjøpesenter står nesten 500 kvadratmeter ledig. Her er det plass til både skateavdeling, styrketrening, biljard, motormekking og meir til, går det fram av sakspapira til formannskapet.

Den ferske ungdomsklubben i Skodje vart etablert for mindre enn eit år sidan. Besøket har vore opptil 30 ungdommar, og dei har for lite plass.

No ønskjer eigaren av det ledige lokalet, Coop Orkla Møre, å bidra til at ungdommen skal få eigna lokale ved å ettergi delar av leiga, går det fram av sakspapira. Skodje kommune skal betale 85.000 kroner i året for leiga.

Skodje har også andre tilbod for ungdom, som «open hall» på Gomerhuset. Men det er behov for fleire innandørs møteplassar for ungdom, meiner formannskapet.

Tysdag gjekk formannskapet samrøystes inn for både å vidareføre ungdomsklubben og å takke ja til det nye lokalet.

Kommunestyret avgjer saka 1. februar.

RETTING: Sunnmørsposten skreiv først om ein sum som kommunen betaler for leiga av ungdomslokale i Temasenteret. Dette er no retta.