«Tidefjord» køyrde i moloen på Hareid natt til måndag:

– Moloen har fått ein del skader

Natt til måndag førte eit kraftig vindkast til at bilferja «Tidefjord» ikkje klarte å styre unna ytre molo på Hareid i tide. Uhellet har ført til store skadar, som Hareid kommune og Kystverket truleg må dekkje sjølve.

Solid sprekk Samanstøyten natt til måndag, der bilferja «Tidefjord» gjekk rett i ytre molo på Hareid, har ført til at ein stor sprekk har danna seg mellom betongseksjonane på moloen. FOTO: LEIV ARNE GRIMSTAD. 

Nyheter

(Vikebladet:) Det er Hareid kommune og Kystverket som deler ansvaret for vedlikehald og eventuelle reparasjonar av dei to moloane som omkrinsar ferjeanløpet på Hareid.