(Sunnmøringen) – For meg er det viktig å understreke at vi har eitt fungerande legevaktsamarbeid med Ålesund på kveld/natt og i helgene, seier rådmannen.

Stranda ønska utvida kjøp av legevaktteneste frå Ålesund, frå klokka 16 til 22, helg og høgtidsdagar samt akuttplassar (ØHD). Dette sa Ålesund mellombels nei til i eit svarbrev like før jul.

Felles utfordringsbilete

Kommunen var førre veke i møte med representantar for Ålesund legevakt.

– Ålesund treng meir tid med omsyn til organisering. Vi er frå vår side klar over utfordringane i kommunen, spesielt Geiranger, seier Hole.

Rådmannen meiner fokuset hjå Ålesund ser ut til å vere at det er for langt til legevakt på kveld og heile helga for pasientane, og at det er difor Ålesund gav negativt svar på ønsket om utvida kjøp av legevakttenester.

– Eg er overraska over at Ålesund legevakt ikkje er meir proaktive. Eg hadde ønskt meg at medlemskommunane i legevaktsamarbeidet vart inviterte til å sjå på ei framtidsretta teneste med eit felles utfordringsbilete, med omsyn til kompetansekrava i akuttmedisinsk forskrift, seier Hole.

– Eit slikt møte har Molde nettopp gjort med sine medlemskommunar, seier Hole.

Ulike løysingar

– Eg oppfattar at Ålesund er usikre på om dei kan ta med Stranda kommune i ei framtidig legevaktsamarbeid når Ålesund blir storkommune frå 2020, seier Hole.

Ho ser for seg at ein difor jobbar mot fleire moglege løysingar.

– Det spørst om vi må ri to hestar, og sjå mot Sykkylven/Norddal/Stordal i tillegg til Ålesund, seier ho.

– Volda er for augneblinken lite aktuelt, då det manglar avklaring mellom anna med plassering og organisering av legevakt framover, seier rådmannen.

– Døgnambulanse og godt skolert ambulansepersonell har vi og det skal vi fortsette å ha i distrikta. Det er eit viktig tilbod som òg er lovpålagt og som helseføretaket har ansvar for, seier Hole.

Akuttmedisinsk forskrift

Stranda kommune opplever som andre kommunar i Noreg utfordringar med å oppfylle vilkåra i akuttmedisinsk forskrift. Forskrifta vil gjelde frå 1. mai 2018, og aukar kravet til kompetanse for legar som skal gå legevakt og hjelpepersonell.

– Kravet er at det skal vere kvalifisert bakvakt om legen ikkje har naudsynt kompetanse som lege i legevaktteneste, då med spesialistutdanning i allmennmedisin eller veilledarteneste på eit gitt tal timar. Vi har per no ein lege som er kvalifisert for bakvakt, og ein lege som er i ferd med å bli kvalifisert. Og det er utfordringa med bakvakt som gjeld for Stranda sin del, seier Hole.

– Det er mange distriktskommunar som seier ifrå om at dei er urolege for konsekvensane av auka kompetansekrav, deriblant Stranda. Vonet er at akuttmedisinsk forskrift blir utsett, så ein gir kommunane meir tid, seier Hole.

– Stranda har hatt ei utfordring med omsyn til rekruttering av legar, men dette vonar vi på sikt vil løyse seg. Legane er flinke til å framsnakke Stranda, seier Hole.

– Å ta del i to legevaktordningar kan gi ei utfordring for kontinuiteten, og vi ønska med utvida kjøp av legevakttenester å minske vaktbelastinga for legane, seier Hole.

Ein ROS-analyse (risiko- og sårbarheitsanalyse red. anm) av legevakta i Stranda er ikkje gjort.

– Nei, det har vi ikkje. Vi har stolt på at legane har formidla synspunkt på vaktbelasting til oss, seier Hole.

Denne saka sto først i Sunnmøringen.