Fredag publiserte Sunnmørsposten videoen som viste at ei jente blei banka opp på eit kjøpesenter i Ulsteinvik. Ifølgje Vikebladet Vestposten spreier denne seg no mellom ungdommar på Søre Sunnmøre.

Fjernar videoen

Videoen blei publisert på Sunnmørsposten fredag klokka 15.15. Videoen blei publisert i samråd med politiet, men det vil alltid vere ei sjølvstendig vurdering å publisere ein slik video, seier Hanna Relling Berg, ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten.

– Eg kan grunngi kvifor det var rett å publisere videoen, og kvifor vi tek den vekk etter tre timar, seier ho:

Og understrekar at Sunnmørsposten anonymiserte slik at ingen då skulle bli kjend att.

– Samstundes som det er viktig å dokumentere, er dette heller ikkje noko vi ønsker skal bli liggande ute lenge, fordi det gjeld mindreårige. Omsynet til mindreårige er alltid det viktigaste. Vi har dokumentert, og vi vel å ta videoen bort etter ein periode.

– Var rett å publisere

– Når Sunnmørsposten fjernar videoen etter tre timar. Betyr det at det var gale å publisere han?

– Nei, det var ikkje gale. Det var rett å publisere, men vi har fått innspel i etterkant som gjer at det ikkje vil vere rett å la videoen ligge ute permanent, seier Relling Berg.

– Det viktigaste her er å rette søkelys på eit ungdomsmiljø som det er viktig å vere klar over. Håpet er at vi ved å rette søkelyset mot dette, også i artiklar, kan bidra til at gode krefter går saman om å sørge for at det blir slutt på slike valdelege episodar.

Lensmann: – Svært alvorleg sak

Lensmann ved Ulstein og Hareid lensmannskontor, Hans-Eirik Pettersen, ser svært alvorleg på saka. Han fortel at hendinga verkar å ha vore planlagt på førehand.

– Sett i lys av kva for type hending dette var, så har ikkje vi sett noko som liknar ei så alvorleg hending her før. Dette er veldig unge personar, jenter i ung alder. Det skjer på eit kjøpesenter midt på høglys dag. Det er ei veldig alvorleg valdshending, som ber preg av at den eine parten er ute etter den andre parten. Den ber også preg av å vere godt planlagt. Vi reagerer også på at fleire av dei andre ungdommane som var til stades når dette skjedde ser ut til å heie på jenta som slår og dei som har vore med på å planlegge dette angrepet, seier Hans-Eirik Pettersen.