Det nye sjukehuset skal byggast på Hjelset i Molde, og stå klart til bruk i 2022.

– At ein solid lokal entreprenør nådde fram i konkurransen er både forventa og veldig positivt. For oss er det openbart at lokale leverandørar og lokal arbeidskraft vil bidra i gjennomføringa av SNR. Vi er heilt avhengig av det. Enten som direkte kontraktspart eller som underleverandør, seier prosjektdirektør Helle Jensen.

31 millionar kroner

– Vi ser fram til å starte og vere ein del av arbeidet med å etablere eit nytt fellessjukehus for Nordmøre og Romsdal, seier dagleg leiar i Romsdal Anlegg AS, Jan Arild Løvik.

Kontrakten har ein storleik på 31 millionar kroner og inneheld mellom anna arbeid knytt til vassforsyning, avløpsanlegg, forsyning av straum og data. I tillegg skal det byggast veg.