Administrerande direktør Espen Remme adresserte elefanten i rommet på det store dialogmøtet som pågår i Kristiansund fredag. Striden rundt sjukehusa i Møre og Romsdal har pågått i mange år, og toppa seg rundt vedtaket om bygging av nytt sjukehus utanfor Molde. I dagens situasjon er det uro både i Molde, Kristiansund, Ålesund og Volda om kva slags tenester sjukehusa skal tilby framover.

Kommunar og helseføretak

Rundt 80 deltakarar frå kommunar i Møre og Romsdal og helseføretaket møtest for å diskutere utviklingsplanen for helseføretaket.

Dialogmøtet er det siste av denne typen, før Helse Møre og Romsdal skal styrebehandle utviklingsplanen i februar.

Sterke reaksjonar

Det er den mykje omtalte utviklingsplanen som i hovudsak skal diskuterast, samt samarbeid og fordeling av oppgåver mellom kommunane og helseføretaket.

- Eg meiner at eit av dei store risikomomenta i helseføretaket er kva den sterke strukturelle forståinga i Møre og Romsdal gjer med oss. Vi har fire sjukehus i dag i Møre og Romsdal, og noko som blir oppfatta som positivt på eitt sjukehus, blir oppfatta negativt på eit anna. Eg meiner at dette er ei større utfordring for helseføretaket enn ein utfordrande økonomisk situasjon, sa Remme i si innleiing.

- Vi må ta denne diskusjonen framover, på ein konstruktiv måte, sa Remme.

- Vi kan ikkje berre halde fram som før. Ein kanossagang ved kvar forandring vil slite ut organisasjonen, sa Remme.

- Vi blir nødde til å sjå på organiseringa av spesialisthelsetenesta utifrå eit befolkningsperspektiv, sa Remme vidare.

- Vi må vere meir opptatt av å ha tenestene i fylket, enn kor dei ligg, meiner Remme.

Han meiner vidare at helseføretaket skal klare å få driftsøkonomien på plass, og ser for seg forbetringar og betre kapasitetsutnytting på fleire området.

- Vi har eit budsjett på 6.000 millionar kroner (6 milliardar). Vi kan gjere mykje for desse pengane, peikar Remme på.

Utviklingsplanen for helseforetaket har vore ute på høyring, og skal styrehandsamast i slutten av februar. Det har kome over 100 høyringssvar, og mange fagmiljø har brukt sterke ord om planen.

Planen har blitt møtt med til dels kraftige reaksjonar frå fagmiljø i Molde, Ålesund og i Volda. Det har kome inn over 100 høyringssvar, opplyser administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal på møtet.

To store helsespørsmål

Rundt 80 møtedeltakarar skal diskutere mellom anna desse problemstillingane:

1. Korleis kan kommunar i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal best samarbeide for å konkretisere oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom seg, med mål om heilskaplege pasientforløp?

2. Korleis kan samhandlingsavtalen og samhandlingsstrukturen utviklast for å understøtte dette arbeidet.

Politikarar og fagtilsette frå kommunane i Møre og Romsdal, tillitsvalde, og administrativ- og fagleiing i helseføretaket er mellom dei 80 deltakarane.

Dialogmøtet er det siste av denne typen, før Helse Møre og Romsdal skal styrebehandle utviklingsplanen i februar.