– I denne kassa ligg den eine spegelen til det nye teleskopet. Men det kan vi ikkje ta ut enno. Det kan lett bli skadd. Dessutan ventar vi på den andre spegelen, seier Aarseth, og peiker ned på trekassa som veg 130 kilo. Avsendar er Hubble Optics i Hongkong.

Det nye teleskopet er dobbelt så kraftig som det han har i dag, og kjem til å koste 320.000 kroner. Kometoppdagar Knut B. Aarseth i Volda trudde det kanskje ville kome inn 100.000 på ei kronerulling. Men no har det kome inn nesten 300.000.

Mange gåvmilde

– Det er heilt fantastisk kor gåvmilde folk er. Ja, eg fekk til og med 40.000 kroner frå Volda kommune, seier han – og gler seg til å kunne invitere politikarane på besøk snart.

Men først må alle delar på plass og monterast opp. Optikken er laga i Hongkong, medan sjølve teleskopet kjem frå Nottingham i England.

– Eg håpar at vi kan ta i bruk det nye utstyret før sesongen er over ut i mars ein gong, legg han til.

Dette blir det største amatørteleskopet i heile Skandinavia, og Aarseth trur at besøkstala berre vil auke.

– Sidan vi opna har vi hatt 25.000 besøkande. Det er skuleklassar, foreiningar og privatpersonar – både fastbuande og tilreisande.

16. november 1989

Her kan dei mellom anna få vite meir om den store hendinga 16. november 1989, klokka 18.29, for å vere heilt presis.

Det var då Aarseth oppdaga ein heilt ny komet på himmelen, den første norske kometoppdaginga på 50 år. Kometen fekk namnet Aarseth-Brewington 1989w1.

Dobbeltnamnet skuldast at den amerikanske amatørastronomen Howard J. Brewington frå delstaten South Carolina, observerte den uavhengig nokre få timar seinare.

– Kan du oppdage nok ein komet med det nye teleskopet som snart er på plass?

– Det skal godt gjerast. I dag har dei profesjonelle observatoria så avansert teknisk utstyr at dei raskt kan skanne heile himmelen. På den måten sopar dei med seg alt. Like fullt så kjem det jo stadig nye kometar, så ein veit jo aldri.

Vinteraktivitet

Men sjølv om det ikkje skulle bli gjort nye oppdagingar frå Kometland på Kleppåsen, så seier Aarseth at han kan gjere ein annan, viktig innsats:

– Eg tek sikte på å observere og analysere kometar som allereie er kjende. Det er også eit viktig arbeid.

Å studere stjernehimmelen er altså ein vinteraktivitet. For det er då det er mørkt. Dessutan må det vere klårt, stjerneklårt.

Det betyr også at det nokså kaldt å sitje bak teleskopet, medan taket i bygget er trekt til side.

– Det går difor ikkje å sitje der heile natta. Men eg har to stillongsar på, så eg held ut i fleire timar.

Interessa vekt på 1970-talet

Interessa for stjernehimmelen fekk han på 70-talet.

– Eg sat med ein kikkert og stira fascinert på Saturn. Det var nok til at eg vart heilt hekta og bestemte meg for at dette ville eg lære meir om.

Og lært, det har han verkeleg gjort gjennom å lese stablar med bøker om emnet, og ikkje minst ved å studere verdsrommet i time etter time.

Medan ein ofte måler kvaliteten på ein kikkert gjennom kor mykje den forstørrar, så er det her snakk om kor mykje lys speglane i teleskopet samlar inn.

Store moglegheiter

– I dette tilfellet her er det snakk om 15- til 20.000 gonger meir enn det menneskeauget klarar å samle inn. Så dette vil gje meg store moglegheiter framover.

– Trur du at det kan vere liv på andre planetar der ute i verdsrommet?

– Det er det heilt sikkert. Men det blir som å leite etter nåla i høystakken. Likevel, ein vakker dag kjem dei heilt sikkert over noko.