(Møre-Nytt) Næringslivsnestor Oddmund Hovden reagerer sterkt på at det er lansert ein bomstasjon i Hovdebygda i samband med planane om ein samferdselspakke for Ørsta og Volda.

Samferdselspakken medfører bygginga av Voldatunnelen, og dessutan realisering av prosjekt som gang- og sykkelveg mellom Hovdebygda og Åsen, rusta opp bruer, miljøtiltak i sentrumsområda og eit modernisert flyplasskryss mellom anna.

I samband med dette har ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe foreslått at halvparten av kostnaden på 1,5 milliardar kroner skal dekkjast med bompengar. Bomstasjonane er foreslått ein stad på dagens E39 mellom Furene og Volda sentrum, og i tilknyting til sjølve Voldatunnelen den dagen han kjem.

Då det vart orientert om saka i Volda formannskap, kom det fram at Volda-politikarane også vil ha ein bom i Hovdebakken.

Rådmann Wenche Solheim reagerer på dette, og meiner dette vil føre til ein veldig ubalanse mellom Ørsta og Volda.

Oddmund Hovden er heilt samd.

Sidevegane

– Ein bomstasjon i Hovdebygda vil berre råke trafikk mellom Hovdebygda og Ørsta sentrum, og mellom øyane og Ørsta sentrum. Det vil medføre at Ørsta som handelsstad kan døy. Eg ber Ørsta-politikarane støtte rådmannen, og stå opp mot dette, seier Hovden.

Han trur at også folk frå Hovdebygda kan kome til å køyre til Ulsteinvik for større handel dersom det kjem ein bom i Hovdebakken.

– Dessutan vil vi oppleve auka trafikk på sidevegane som Ytrehovdevegen og Indrehovdevegen dersom det skulle kome ein bomstasjon i Hovdebygda. Allereie i dag er det auka trafikk langs Hovdevatnet fordi mange meiner dette er ein snarveg når dei skal til Ulsteinvik eller kjem andre vegen, seier Hovden.

Han ber også om at tiltak som Osbrua ikkje kjem med i bompakken.

– Fordi dette er eit vedlikehaldsprosjekt. Vi har sett det har kome nye bruer over Rauma og Driva som vedlikehaldsprosjekt. Her må politikarane stå på for Ørsta sine interesser., seier Hovden.

Saka blei først publisert i Møre-Nytt.