(Møre-Nytt) I alt er det meldt inn krav på over 20 millionar kroner i konkursbua til byggjefirmaet Inge Kolås AS og Bondalseidet Hytteutvikling AS

Sparebank 1 Søre Sunnmøre har eit pantekrav på to millionar, medan Skatteetaten har eit prioritert momskrav på 1,2 millionar. Resten er uprioriterte og etterprioriterte krav.

Sidan det er lite verdiar i buet ligg det an til store tap for dei som har pengar til gode i selskapet.

Usemje om betaling

Byggfirmaet Inge Kolås AS hadde 11 tilsette, og var spesialistar på å pusse opp eldre hus. Firmaet hadde mange oppdrag for Opplysningsvesenets fond, som eig prestegardane.

Bustyrar peikar på at det har vore vanskeleg å få god lønsemd i oppussingsprosjekta.

Den utløysande årsaka til konkursen var usemje knytt til oppussinga av prestegarden på Vereide i Gloppen.

Oppdragsgjevar avviste ein faktura som var basert på medgått tid og andre kostnader. Samstundes kravde Skatteetaten moms for beløpet. Då dette ikkje vart betalt, kravde dei konkurs.

– Det vert lagt til grunn at ikkje uvesentlege delar av momskravet som leidde til konkursen skriv seg frå prosjektet (prestegarden), skriv bustyrar.

Inge Kolås sitt selskap Bondalseidet Hytteutvikling er også konkurs. Her er det banken som må ta støyten. Samla krav er på 10,27 millionar kroner. Av dette har Sparebank 1 Søre Sunnmøre eit pantekrav på 9.65 millionar.

Men i dette buet er det verdiar, både eigedomar og tomter på Bondalseidet. Samla verdi er 6,5 millionar kroner.

Dermed ligg det an til at sparebanken tar over.

– Dersom vi endar opp med å ta over eigedomane kjem vi ikkje til å sitje på dei lenge, seier administrerande direktør Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmøre.

Så spørst det korleis marknaden er. For dårleg sal av tomter er årsaka til konkursen. I 2016 var omsetnaden i Bondalseidet Hytteutvikling berre 8.000 kroner. Folk vil visst heller ha hytte i Stryn.

– Etter finanskrisa i 2008 har det vist seg svært vanskeleg å selje tomter, noko som også skuldast konkurranse frå nærliggande hytteområde inkludert store utbyggingar i Hornindal og Stryn etter at Kvivsvegen opna, står det i bustyremeldinga.

Men Sparebanken trur det skal gå greitt å bli kvitt tomtene på Bondalseidet. Det kan kome på tale med billegsal, slik banken har gjennomført på eit liknande konkursråka hyttefelt på Standaleidet.

–Vi har eit avslappa forhold til konkursen på Bondalseidet Hytteutvikling. Vi skal klare å avhende eigedomane, anten det vert samla eller kvar for seg, seier Stig Brautaset i Sparebank 1.

Inge Kolås har ført vidare sine aktiviteter gjennom nye selskap.

Saka sto først i Møre-Nytt.