Opna ny pizzarestaurant i Ulsteinvik

Pizza 4 you: Haider ønskjer alle kundar velkomen til hans nyopna restaurant midt i Ulsteinvik sentrum.  Foto: INGVILD AURSØY MÅSEIDE, Vikebladet

Nyheter

(Vikebladet Vestposten) Laurdag opna Haider restauranten Pizza 4 you i Ulsteinvik. Her kan kundane sjølve velje om dei vil ha tjukk eller tynn botn (amerikansk eller italiensk). Han har også innbakt pizza, for dei som likar det best.

– Folk må berre seie kva dei vil ha, så kan eg lage, tilbyr restaurantdrivaren.

Men det er ikkje berre pizza som står på menyen. Han har også hamburgarar, pasta, salat, kebab, falafel, kjøtrettar, fiskerettar og ein eigen barnemeny.

– Her er alle velkomen! Anten det er barnefamiliar, par eller single, smiler Haider.