Aktor, statsadvokat Magne Nyborg, meiner alle dei tre tiltalte mennene frå Litauen er skuldig i grov overfallsvaldtekt av ei kvinne på søre Sunnmøre i fjor sommar.

Han meiner forklaringane til dei tre tiltalte ikkje er truverdige i det heile.

– Denne overfallsvaldtekta var ei svært nedverdigande, skremmande og smertefull oppleving for fornærma. Og det er ingen formildande omstende i saka, meiner Nyborg.

– Svært alvorleg overgrep

Aktor understreka at ein står over for eit svært alvorleg overgrep.

– Kvinna var heilt uskyldig og blei valdteken på det grovaste av tre fulle, ukjende menn, sa Nyborg i prosedyren.

Dei tiltalte nektar for valdtekt av kvinna, og prøver å drage truverdet hennar i tvil.

Aktor meiner på si side at kvinna er truverdig og viste til at forklaringa hennar blir støtta av ei rekkje andre forhold i saka.

– Ho har gitt ei veldig truverdig forklaring om at mennene forgreip seg på det grovaste denne ettermiddagen, sa Nyborg som også viste til at Høgsterett har slått fast at i saker med påstand mot påstand så kan ein dømme utfrå fornærma sitt truverd.

To med meir aktiv rolle

Aktor meiner to av dei tiltalte har hatt ei meir aktiv rolle enn den tredje og difor skal ha noko kortare straff. Men det var denne tredje som først tilnærma seg kvinna på ein seksuell måte. Midt inne i ein granskog begynte han å spørje om ho hadde kjærast og om ho visste om morosame leikar.

Og aktor meiner forklaringa til dei tre om motivet for samtalen ikkje er truverdig.

Eit spørsmål er også kvifor denne mannen ikkje greip inn i det som skjedde. Han meiner han må ha lagt merke til at gensaren til kvinna blei sundriven og at det blei brukt ei viss makt på å legge kvinna i bakken.

– Han var klar over at dei to andre forgreip seg og har solidarisert seg i forhold til dei to andre, sa Nyborg og viste til at dei var ein gjeng på tre menn som stod rundt ei forsvarslaus dame.

– Kunne oppklart viss misforståing

Aktor meiner også at den etterfølgjande oppførselen til mennene støttar opp om at dei er skuldige.

Dei tre mennene sprang då dei såg ein politibil fare forbi. Viss det er slik dei har hevda, at det er ei misforståing og at dei er uskuldige, så ville det vere eit godt høve til å oppklare misforståinga.

Forsvararane kravde i sine prosedyrar at dei tre tiltalte blir frifunne.