Det skal byggast ny bussterminal i Ørsta sentrum med teknisk infrastruktur og oppgradering av vegnettet i området.

E39 går forbi anleggsstaden og det er ein føresetnad at trafikken der skal gå som normalt.

Ifølgje Statens vegvesen er totalsummen for prosjektet verdsett til 14 millionar kroner. Men Møre-Nytt melder at verdien av kontrakten er 11 millionar kroner.

– Dette er i grunn ei oppgradering av bussterminalen som er der i dag. Det blir nytt og ei omgjering av terminalområdet, fortel Bjørn Sunde i Vegvesenet.

Ifølgje Sunde er det tenkt mellom anna ny asfalt, kantstein og eit lite parkområde.

Seks tilbod

Totalt mottok Statens vegvesen seks tilbod. Ingen tilbod vart avvist.

– Vi har etter evaluering av tilboda vedtatt å tildele oppdraget til Aurvoll og Furesund AS, heiter det i eit brev Sunnmørsposten har fått innsyn i.

Selskapet har base i Fosnavåg.

Statens vegvesen vil derfor signere kontrakt, men det er sett en karensperiode som gjeld til 26. januar. Først etter at klagefristen er ute vil kontrakt bli signert.

Aurvoll og Furesund AS vann konkurransen på grunn av at dei hadde lågast pris.

Dette skal gjerast

* Ny bussterminal.

* Uteområde i samband med ny terminal.

* Nye kommunale vegar.

* Nye fortau.

* Nye GS-vegar.

* Ny parkeringsplass.

* Ny VA-infrastruktur.

* Lyssetting