Ein ung mann vart i mai i fjor dømd til fengsel i eitt år og seks månader for valdtekt.

Saka gjekk for Søre Sunnmøre tingrett og tiltalte anka på bevisa i dommen, noko som sørga for full ankebehandling.

Fekk strengare straff

Frostating lagmannsrett, som no har behandla ankesaka, meiner straffa skal vere fengsel i tre år og tre månader.

Lagmannsretten aukar også erstatninga til den fornærma frå 150.000 til 175.000 kroner. Retten finn bevist at mannen heldt kvinna fast, og at ho gjorde både verbal og fysisk motstand før ho kom seg laus.

Valdtekta skjedde på ein privatfest.

Ved ei lovendring i 2010 vart straffenivået for vald- og seksuallovbrot vesentleg skjerpa. For valdtekt til samleie er lova si minstestraff fengsel i tre år, og normalstraffa fengsel i fire år.

– Denne saka er eit typetilfelle, som blir råka av avgjerda om minstestraff på fengsel i tre år, heiter det i dommen frå lagmannsretten.

Straffeutmålinga kan bli påverka av skjerpande eller formildande omstende.

– Her er det ingen skjerpande omstende, heiter det i dommen. Lagmannsretten meiner samstundes at tiltalte sin unge alder gjer at normalstraffa skal fråvikast i formildande retning.

Tiltalte tilstod ikkje valdtekt, men erkjente etter kvart samleie med kvinna.

Difor vart dommen sett til fengsel i tre år og tre månader.