-Fleire ungdomar som tidlegare hadde mista retten til vidaregåande opplæring, den såkalla ungdomsretten, kan likevel ha rett til vidaregåande opplæring, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken ifølgje heimesida til Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ungdomsretten gjeld til og med det skuleåret som startar det året ein fyller 24 år. Det er ikkje lenger krav om at ungdomsretten må bli tatt ut i løpet av ein samanhengande periode på fem år.

-Dette gjeld sjølv om dei tidlegare, under den gamle ordninga, harfått melding om at dei har brukt opp fristen til å ta utungdomsretten sin, fortel Brekken.

Ved inntaket til skoleåret 2018-2019 omfattar ungdomsretten søkarar som er født i 1994, eller seinare. Dei må også ha igjen minst eitt år av ungdomsretten, skriv fylkeskommunen.