Politiet fekk ved 23-tida i går melding om hendinga som skjedde ved rundkøyringa på E39/Sjukehusvegen i Volda.

– To bilar og to personar er involvert, opplyste operasjonssentralen.

Begge to vart etter kvart sendt til legevakta for ein sjekk.

Det har vore fleire uhell i den aktuelle rundkøyringa dei siste åra.