Laurdag melde ho frå til kommunen om at ein av kontrollutvalets permar låg i veggrøfta. Ho hadde både gått og køyrt forbi permen fleire gonger utan å vite kva det var før ho sjekka nærare. Då såg ho at dette var permen for Hareid kontrollutval for 2011–2015.

Møtereferat med signatur

– Denne permen, den låg ved eit slags stativ. Men då eg sjekka nærare såg eg kva det var for noko. Der stod møtereferat med signatur, fortel Hareide.

Ho kom heim med permen og skreiv om funnet på Hareid kommune si heimeside på Facebook.

Etter to timar kom det svar frå Hareid kommune om at dei skulle sjå nærare på saka over helga.

Reaksjonar på Facebook

På Facebook kom det fleire reaksjonar.

Ei av dei som reagerte var Anne-Sølvi Holstad: – Permen har lege der ei veke med sensitive opplysningar ope for alle. Dette må få følgjer, skreiv ho.

– Om permen inneheldt sensitive opplysningar frå kontrollutvalet på Hareid eller ei, skal ikkje slikt skje, seier Ann Kristin Hareide til Sunnmørsposten.

Kontakta ordføraren

Hareide sende melding om permen til ordførar Anders Rise.

– Eg svara at viss permen inneheldt sensitive opplysningar var det ille, og at ho kunne levere til leiar for kontrollutvalet, Berte Holstad Engen, eller til meg. Eller eg kunne hente permen dagen etter. Eg takka ho for at ho tok inn permen, fortel ordførar Anders Rise.

– Men permen inneheldt ikkje sensitive opplysningar. Eg har nett no bladd igjennom permen no, fortel han til Sunnmørsposten.

Ann Kristin Hareide såg ikkje meldinga før søndag morgon. Då svara ho Riise at ho var bortreist på søndag men at ei venninne som har politisk verv i kommunen for Høgre, hadde henta permen.

Rådmannen svarar

– Vi har fått permen og gått igjennom innhaldet. Permen inneheld ikkje andre opplysningar enn dei skriv ut frå kontrollutvalets nettside og vår heimeside for den del.

Permen kunne ikkje ha inneheldt sensitive opplysningar. Eg har fått opplyst av ei av kontrollutvalets medlemmar at alle slike sensitive papir blir delt ut og samla inn att i møte. Det er berre offentlege ting som ligg i permen. Likevel er det uheldig at hendingar som dette finn stad, seier rådmann Ragnhild Velsvik Berge.

Ekstraordinært møte fredag

– Under politikk på heimesida ligg den ei lenke der du kjem direkte til kontrollutvalet sine internettsider.

Kontrollutvalet skal ha ekstraordinært møte fredag morgon i samband med ein annan sak. Då blir nok også dette tema.

Denne hendinga syner kor viktig det er korleis ein handterer papir i kontrollutvalet og generelt.

Berte Holstad Engen er nyvald leiar for kontrollutvalet frå i år. No vil dei bruke denne saken til å gå igjennom rutinar og oppbevaring av papir, seier Velsvik Berge til Sunnmørsposten.

– Permen inneheldt ikkje opplysningar unndratt det offentlege, seier ordførar Anders Riise.
– Uansett er det uheldig at slike hendingar som dette finn stad, seier rådmann Ragnhild Velsvik Berge. Foto: Arkivfoto.