(RBNETT): Onsdag kveld var det informasjonsmøte om saka på Vestnes. Dit kom det så mykje folk at ordføraren måtte finne fram ekstrastolar.

To alternativ

Det er to alternativ for ny veg frå Sunnmøre fram til innslaget for tunnelen på Møreaksen på Vik i Tomrefjord. Tilrådinga frå Statens vegvesen går på å velje kortaste vegen (K3). Den går gjennom friluftsområdet Svartløken på Tomrefjellet, og er planlagt lagt i tunnel. I Tomrefjord er det planlagt delar av vegen skal leggast i tunnel på rasfarlege område, delar skal leggast i dagen i skogen bak bebyggelsen.

Kor stor er rasfaren?

I salen var det mange frå Tomrefjord som meiner at Statens vegvesen undervurderer rasfaren, og at heile strekninga gjennom bygda må leggast i tunnel. Hans Frafjord var ein av dei som understreka dette, og meinte dessutan at Statens vegvesen har tatt med for lite om konfliktområda for ny trasé gjennom Tomrefjord. Jon Tomren frykta konstant trafikkstøy, og syntest det var provoserande at rasfaren var tatt så lett på.

For Statens vegvesen er dette eit kostnadsspørsmål, tunnel er mykje dyrare enn veg. Strategisjef Kjetil Strand sa at omsynet til rasfare er nøye vurdert av fagfolk, utan at dette overbeviste dei mest kritiske.

Reisetid

Fleire tok til orde for at nyvegen bør gå via Ørskogfjellet med tunnel frå Skorgedalen til Vik (K2). Dette vil auke reisetida mellom Molde og Ålesund med nokre få minutt, men er mindre konfliktskapande enn forslaget frå Statens vegvesen.

– K2-alternativet via Ørskogfjellet er det einaste realistiske. Vegen over Svartløken vil aldri bli valt. Det er dessutan full panikk på Indre Sunnmøre for K3, sa Frank Sve, som hadde tatt turen frå Stranda. Odd Helge Gangstad kom frå Midsund, dette er ei sak som engasjerer langt utanfor Vestnes.

Ivan Bruaseth tok opp problemstillinga med fylkesveg 661 som tilførselsveg frå Vestnes til tunnelen på Vik. Han meinte det var betre å bygge ny veg frå Vik til Tresfjordbrua med ein gong, i staden for å bruke 100 millionar på å flikke på fylkesveg 661, som mange fryktar kan bli brukt i årevis etter at tunnelen under Romsdalsfjorden er ferdig.

Avviste meiningsmåling

Knut Flølo foreslo at ordføraren skulle ta ei uformell meiningsmåling, der dei som var for K2 over Ørskogfjellet vart sitjande. Dette vart avvist av ordførar Geir Inge Lien, som viste til at politiske organ i Vestnes no skal komme med si meining. Lien sa samstundes at han er mest stemt for K2.

Romsdalsaksen var også representert på møtet, og Jørn Inge Løvik foreslo å sjå kor mange i forsamlinga som støtta Romsdalsaksen. Dette vart kontant avvist av Kjetil Strand, som minte om at møtet handla om traséval for strekninga Digerneset-Vik.

– Kom med innspel

Kjetil Strand oppfordra alle som har innspel til planane om å engasjere seg. Høyringsfristen er 28. februar. Deretter blir det ekstern kvalitetssikring før Samferdselsdepartementet bestemmer endeleg konseptval.

– Det er no det er tid for å vere ueinig. Når vedtak er fatta, er det viktig å stå samla for å få gjennomført dette viktige samferdselsprosjektet, sa Kjetil Strand.

Han synest det var eit greitt møte, der ulike synspunkt kom fram. Dagen før hadde Statens vegvesen eit tilsvarande møte i Skodje. Signala frå det møtet var dei same som frå Vestnes: K2 via Ørskogfjellet.

– Vi skal ha opp denne saka i fylkesutvalet måndag, eg trur dei kjem til å lande på det same, seier Frank Sve.

Denne saka ble først publisert på Rbnett.