Sykkylvskvinna er solist saman med Maria Holand Tøsse på vårens store korprosjekt på Sunnmøre med ABBA som tema. Norges Korforbund Sunnmøre er arrangør for eit storstilt prosjektkor med 122 songarar frå heile Sunnmøre. Heile kor, folk som aldri har stått på ei scene før, profesjonelle musikarar og profesjonelle solistar skal saman turnere Sunnmøre med fem konsertar i april.

Unikt prosjekt

– Dette er eit utruleg kjekt prosjekt å vere med på, seier Hole Ulla. Å få vere med på dette store prosjektet, med så mange folk på scena. Det er unikt, seier sykkylvskvinna som etter ei kort tenketid kjem opp med denne lista for sine ABBA-favorittar:

1. Dancing Queen

2. Money Money Money

3. Slipping through my fingers.

– Det er så mykje å velje mellom. Eg fekk verkeleg opp auga for ABBA gjennom filmen Mamma Mia, seier Hole Ulla.

Høgt kornivå

– Det er høgt kornivå på Sunnmøre. Vi har mange gode songarar, seier Erland Dalen som er musikalsk leiar for prosjektet. Han har bak seg fleire liknande prosjekt andre stader i landet.

– Mamma Mia-filmen har gitt ABBA ein renessanse. Det er høg kvalitet på det musikalske handverket, og velarrangerte fangande melodiar som er ABBA sitt varemerke, seier Dalen.

– Mange av dei songarane vi har med oss var ikkje fødd då ABBA var eit av verdas største band mellom 1973 og 1982. Vi har mellom anna 10 jenter frå Sykkylven ungdomsskule som skal synge «When I kissed the teacher», seier Dalen.

Han garanterer mange kjente og kjære låtar, og det er absolutt sjansar for allsong med dette låtmaterialet.

Take a chance

Lindis Utgård er initiativtakar for storprosjektet.

– Intensjonen er å sette fokus på kormiljøet på Sunnmøre, og å sikre rekruttering. Vi har 122 songarar frå 14 år og oppover, og eg får stadig spørsmål frå folk som vil vere med, men no har vi sat strek, seier Utgård.

Denne helga har dei si tredje av fire øvingssamlingar.

I april er det konsertar i Sykkylven, Brattvåg, Ørsta, Fosnavåg og i Ålesund.