Heile Sunnmøre syng ABBA

– Take a chance on us

– Oi, det var vanskeleg. Det er så mykje bra å velje i, men eg må velje meg Dancing Queen, seier Stine Hole Ulla.

Money Money Money: Prosjektet har eit budsjett på 600.000 kroner, og dei har allereie seld 500 billettar. Frå venstre initiativtakar Lindis Utgård, solist Maria Holand Tøsse, solist Stine Hole Ulla og musikalsk leiar Erland Dalen. 

Nyheter

Sykkylvskvinna er solist saman med Maria Holand Tøsse på vårens store korprosjekt på Sunnmøre med ABBA som tema. Norges Korforbund Sunnmøre er arrangør for eit storstilt prosjektkor med 122 songarar frå heile Sunnmøre. Heile kor, folk som aldri har stått på ei scene før, profesjonelle musikarar og profesjonelle solistar skal saman turnere Sunnmøre med fem konsertar i april.