– Vi har hatt bekymrings- samtalar med alle tre dei involverte jentene i saka, og har etter ei totalvurdering kome til at dette er ei sak som bør handterast av konflikt- rådet. Dei vil ta dette vidare og jobbe med konfliktbehandling, mellom anna vil det bli kalla inn til eit såkalla stormøte, der fleire involverte partar skal delta. Det blir lagt opp til rask saksbehandling, opplyser Pettersen til Sunnmørsposten.

Han seier politiet med bakgrunn i samtalar med jentene, har fått god oversikt over saka.

– Alle dei tre jentene har bidratt godt til å skaffe oversikt over kva som her har skjedd. Det viser seg mellom anna at ei tredje jente har hatt rolla som tilretteleggar i forkant av valdsepisoden, derfor har vi også hatt henne inne til samtale, opplyser Pettersen.