Det har fredag formiddag skjedd ei trafikkulykke i Hornindal, opplyser AMK ved Helse Førde i Sogn og Fjordane.

To ambulansar og luftambulanse er framme på staden.

– Søppelbil i fare for å velte

Fjordingen melder at ein lastebil har velta og at bilen skal ligge i fare for å velte utfor ei skråning.

Etter to timar blei søppelbilen henta opp av bergingsbil klokka 14.30. Den låg i over to timar i ei bratt skråning som fører ned til ei elv, omlag 15 høgdemeter lenger ned. Brannvesenet sikra først bilen med kjettingar, men desse vart etter kvart fjerna slik at redningsbilen kunne kome til.

Folk er redda ut av bilen

– Dei som har vore i bilen er ute av den. Førar omtalast som uskadd og passasjeren er lettare skadd. No er det sikring av lastebilen det jobbast med, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i politiet til Sunnmørsposten.

Ein person var tidlegare fastklemd i søppelbilen.

Magnussen fortel at søppelbilen har køyrd opp ein bakke på glatta. Etterpå skal den ha sklidd bakover og velta utfor ein kant.

– Eg veit ikkje kor høg skråninga er, seier Magnussen.

Han legg til at arbeidsgjevar er varsla.

– Det er veldig glatt på staden, opplyser operasjonsleiaren.

Foto: HANS IVAR MOSS KOLSETH

– 15 meter høgdeforskjell

– Bilen har velta utanfor ca. 3,5 km oppe i dalen. Bilen var på veg oppover og har teke med seg delar av autovernet. Bilen har ikkje kjettingar på, fortel Sunnmørsposten sin reporter på staden.

Bergingsbil hadde ved 11.45-tida ikkje kome fram endå.

– Brannmannskapane har sikra søppelbilen med kjettingar. Bilen ser ut til å stå solid no. Dei måtte fjerne kjettingane for at redningsbilen skulle kome til, opplyser journalist Hans Ivar Moss Kolseth på staden.

Han fortel at det er ca. 15 meter høgdeforskjell ned skråninga som er bratt. I tillegg er det ei elv som renn nedom.

Helse Førde opplyser at ein person er frakta til lokalt legekontor.

Bergingsbil kom til staden like før klokka 12.

Smp.no kjem med meir

Foto: tipser