Bandet består av Pål Silseth på vokal, Stefan Olsen og Totti Fjørtoft på gitar, Erik Krogen på bass, og Adam Suleiman på trommer.

På spørsmål om kvifor dei valte å covre akkurat Iron Maiden, svarar Stefan Olsen:

- Det var vel mest Iron Maiden som valte oss. Det er musikken vi har hørt på siden vi var tenåringar, og vi har vore på fleire konsertar dei har hatt, så då vi bestemte oss for å spele saman var det eit naturlig val.

Spelar dykk utelukkande dei største klassikarane, eller er der med songar som ikkje alle nødvendigvis er kjent med?

- Vi spela dei største songane frå dei sju første albuma, blant dei er The Trooper, Number of the Beast, og Run to the Hills.

Storsalen i Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg har plass til 500, og sjølv om det var i underkant av femti gjestar der på fredag var stemninga på scena og blant publikum god.

Ein av dei som var på konserten var Kevin Liset frå Stranda. Han var svært entusiastisk etter konserten.

- Eg har vore ein ekte blodfan av Iron Maiden siden eg var tenåring og eg opplev at dette er det næraste du kjem det ekte Maiden, seier Kevin Liset.

- Kva slags forhold har du til Iron Maiden?

- Eg har høyrt på Iron Maiden i mange år no, og det som er så gøy med å komme på slike konsertar er at ein legg merke til at dei tekk med dei små detaljane som Maiden også har med i livekonsertane sine.

Iron Maiden Tribute i Brattvåg Foto: Peder Skjelten