Og nok ein gong vart det eit fint mesterskap.

Sunnmøre sikra seg heile ti KM-titlar. I G13 år vann Sindre Fylling, Stordal IL, medan Elida Fuglem frå Valldal IL tok KM-tittelen i J13. I J14 vann Hedda Schreijer frå Stranda IL, medan Lonre Lorgen Øvrebust fylgde opp suksessen frå laurdag og vann også J15 suverent søndag.

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven vann J16, og Andreas Hjelle (Stordal) vart best i G18 (14 km).

Vilde Lorgen Øvrebust vann KM J18 (10 km), medan Ludvig Vartdal var best i M19-20 år. Anniken Hjellbakk Hole (Sunnylven) og Dan Børge Saure frå Bjørke IL tok titlane i seniorklassene.