Nær 70 utøvarar 11 år og eldre deltok i prologen. Som venta var fyrsteårs-seniorane Isak Stianson Pedersen (2.39) og Martine Lorgen Øvrebust (3.00) klart raskast. Isak var fem sekund føre Ludvig Vartdal, medan Martine hadde ni sekund på Anniken Hjellbakk Hole.

Tre finalerundar

Etter prologen fekk alle løparane tre «finalerundar» - heat med seks til sju løparar i kvart heat. Delt inn slik at dei seks beste prologtidene gjekk i opningsheatet, utøvarane frå sju til tolv i heat to. Dei to dårlegaste i kvart heat rykte ned eit heat, medan dei to beste rykte opp.

Nokså krevjande å arrangere, men utøvarane likte opplegget:

– Utruleg bra opplegg. Slik dette fungerte fekk eg god konkurranse gjennom tre heat etter prologen, sjølv om vi berre er to løparar i herrar senior, seier Isak Stianson Pedersen, vågstranding som representer Henning Skilag, og som alt er OL-klar for Island.

– Ja, faktisk er eg det. Vi stiller tre utøvarar i langrenn. Snorri Einarson og eg i herreklassa, pluss ein kvinneløpar. Eg skal i alle fall gå sprinten, om det vert meir er usikkert.

Stordal og MOI dominerte

Petter Elias Vestre Røkke, Stordal IL, kom nærast Isak i alle finalerundane, og vart KM-vinnar i klasse M 19/20 år. Når det i tillegg vart KM-titlar på alle Lorgen Øvrebust-søstrene, trona Stordal IL som nest beste klubb totalt med fire titlar. Og sjå forresten opp for Lone Lorgen Øvrebust! No er 15-åringen skikkeleg på gang. Alt under Midt-norsk i Valldal komande helg kjem truleg ei stadfesting på dette.