Innbyggarar i fem område fekk spørsmål om dei vil bli i kommunen dei høyrer til i dag eller om dei vil flytte over til kommunen det søkast overflytting til.

Kva kommune meiner du at du vil høyre til i framtida?

  1. Bli i kommunen du høyrer til i dag

  2. Overflytting til kommunen det søkast overflytting til

  3. Veit ikkje

Dette er resultatet

Når det gjeld Norddal (nye Fjord kommune frå 1. januar 2020), har innbyggarane i bygdene i Norddal og Eidsdal blitt spurt.

27 prosent vil bli i eigen kommune. 57 prosent vil ha overflytting til Stranda. 17 prosent har svart «veit ikkje». Svarprosent var 76.

Når det gjeld Liabygda i Stranda kommune, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet bedt om utgreiing til nye Fjord kommune.

Her vil 69 prosent bli i eigen kommune, 26 prosent vil ha overflytting. 5 prosent har svart «veit ikkje». Svarprosent var 74.

Bygdene Bjørke og Viddal i Ørsta kommune søker til nye Volda kommune. 54 prosent vil bli i Ørsta kommune. 42 prosent ønskjer overflytting til Volda. 3 prosent «veit ikkje». 89 prosent har svart.

Øyane Sandøy, Ona, Orten, Lyngværet, Seterøya og Gåsøya i Sandøy kommune søker til Aukra kommune. Frå 2020 er Sandøy ein del av nye Ålesund. 14 prosent vil bli i eigen kommune, 84 prosent vil ha overflytting til Aukra og 2 prosent «veit ikkje». Her var svarprosenten 91.

Kommunane har frist til 1. mars til å kome med sine høyringssvar.