Det seier Anita Øvergård på Ikornnes etter å ha brukt kalkulatoren. Ho og mannen Kjetil Leiv Sætre har dagleg pendla i kvar sin bil over brua. For begge arbeider i Ålesund.

– Dessutan har dei to borna våre vore med på ulike fritidsaktivitetar på andre sida av fjorden, slik som korpsøvingar i ti år, og fotballtrening og kampar i 15 år. Så det har vore mange turar over brua. Vi har vore oppe i 12 passeringar med ein og same bil i løpet av eitt døgn.

10 millionar passeringar

Sidan då er det blitt registrert rundt 10 millionar passeringar over brua, og trafikantane har lagt igjen ca. 268 millionar kroner i bompengar.

– For tre år sidan kjøpte eg elbil, og etter det har vi unngått bompengar på den eine bilen vår, legg Anita Øvergård til.

– Elbileigarar har fått kjeft for ikkje å vere med på å betale på brua?

– Etter å ha betalt i 14 år på brua, så syntest eg at det var nok. Mannen min har framleis ein bil som det må betalast for. Og sonen vår har også fått seg bil. Så eg har slett ikkje dårleg samvit. Dessutan er det ikkje eg som har bestemt at elbilar køyrer gratis over brua.

Brua var avgjerande

Men om ekteparet Øvergård/Sætre har betalt så det monnar på brua, så er dei likevel glad for at ho vart bygd:

– Brua var avgjerande for at vi flytta frå Ålesund og tilbake til Ikornnes, der eg kjem frå, seier ho.

Sykkylvsbrua har vore viktig for fleire enn ekteparet, ikkje minst for møbelkonsernet Ekornes.

– Brua var heilt avgjerande for den utbygginga som Ekornes har vore igjennom. Med fabrikkar på kvar side av fjorden og daglege leveransar dei imellom, så hadde det ikkje gått utan bru, seier Nils-Fredrik Drabløs, tidlegare konsernsjef i Ekornes ASA:

– Utviklinga på Ikornnes-sida hadde ikkje blitt så omfattande utan at det vart bygd bru, slår Drabløs fast i dag.

I tillegg til enklare varetransport så peikar han på at brua opna for eit større nedslagsfelt for rekruttering av tilsette, som ikkje ville ha teke den lange omvegen rundt fjorden.

Fyrverkeri i kveld

Steinar Nordmo, dagleg leiar i Sykkylvsbrua AS, fortel at det skal markerast på skikkeleg vis i dag at brua blir gratis å bruke.

– Elevar frå Sørestranda skule skal synge, det blir kaffi og kaker – og om kvelden er det klart for stort fyrverkeri.

Deretter startar arbeidet med å avvikle selskapet, mellom anna ved å betale tilbake aksjekapitalen.

Sjølve fjerninga av bomstasjonen er det Statens vegvesen som etter kvart skal ordne.

Ein som gler seg til brufesten i dag er ordførar Odd Jostein Drotninghaug (Sp):

– Brua har hatt ei enorm betydning for alle oss i kommunen, og ikkje minst for utviklinga på Sørestrand-sida. Då tenkjer eg ikkje minst både på Ekornes, og på alle som pendlar.

– Økonomisk betyr det mykje for privatøkonomien til folk at det no blir gratis over brua. Eg tenkjer særleg på barnefamiliar med fleire turar kvar dag att og fram.