Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) lanserte den nye tilskottsordninga tysdag, ifølgje ei pressemelding.

Kommunar kan søke NVE om økonomisk støtte til kartlegging av kritiske punkt som kan føre til at bekker og bratte vassdrag fløymer over. – Klimaendringane vil i framtida gi auka ekstremnedbør og styrtregn. Ei av utfordringane i dag er at kommunane ikkje har god nok oversikt over utsette enkeltpunkt i sine vassdrag. Ved å kartlegge desse kritiske punkta får kommunane eit grunnlag for å vurdere førebyggande tiltak, også ved beredskapssituasjonar, fortel direktør for skred- og vassdragsavdelinga i NVE, Anne Britt Leifseth.