(Fjordingen): I Stryn er det i dag to ambulansar i beredskap, ein såkalla døgnbil og ein dagbil. I seks veker i 2018 vil det berre vere ein døgnbil i Stryn.

Heile fylket vil få svekka beredskap i 2018.

Ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde seier forklaringa er samansett.

– Økonomi er eit aspekt, men frå 1. mai 2018, utløper overgangsordningar for nye og skjerpa kompetansekrav. Dette har vi måtte planleggje ut frå, seier Sægrov.

Klarer ikkje å møte krava

Han forklarar at kvar ambulanse skal ha to personar med helsefagleg autorisasjon. Minst ein av desse skal ha autorisasjon som ambulansearbeidar. Det er og skjerpa krav til førarkortkompetanse for begge på eit utrykkingskøyretøy.

Dette er krav Helse Førde ikkje kan innfri i dag.

– For å stette desse krava, har vi måtte planlegge å redusere beredskap på enkelte av dagbilane, både for å optimalisere bruk av eigne tilsette i tillegg til å redusere bruk av vikarar, forklarar han.

Sægrov understrekar at tiltaket gjeld for 2018, og gjeld fleire stasjonar i fylket. Han kan ikkje uttale seg om grad av beredskap i åra som kjem.

Lågare beredskap i heile Nordfjord

I Sogn og Fjordane utgjer beredskapen i dag totalt 21 døgnbilar, 7 dagbilar og 3 båtar. Nordfjord har 4 døgnbilar og tre dagbilar.

– Kva veker er det snakk om svekka beredskap?

– Det er enno ikkje klart, men i Stryn vil ein skjerme for turistsesongen. Det er snakk om seks veker totalt, og det vil nok bli enkelte veker under hausten og våren. Dette vil bli klart i løpet av februar, seier Sægrov.

– Korleis vil dette påverke tryggleiken i Stryn og Nordfjord?

– Det skal det ikkje gjere. AMK-sentralen vil syte for at beredskapen er dynamisk og aktiviteten er planlagt med omsyn til tilgjengelege ressursar. Vi flåtestyrer ambulansar og har god oversikt over kvar ressursane til ei kvar tid er. Ut frå retningslinjer vert bilar og oppdrag handtert der beredskapen i periodar elles kan bli sårbar, forklarar han.

– Skal ikkje påverke tryggleiken

– Du meiner altså at dette tiltaket ikkje påverkar tryggleiken for innbyggjarane?

– Graden av opplevd tryggleik er individuelt, men vi har system som skal sikre og ivareta forsvarlege ambulansetenester til befolkninga. Folk skal kjenne seg trygge, seier Sægrov.

Tiltaket skal spare Helse Førde for mellom 1,6 og 1,8 millionar kroner.

Denne saka vart først publisert på fjordingen.no