Ifølgje ei vegmelding frå Statens vegvesen er framleis eit køyrefelt stengt ved Ringstad på fylkesveg 60. Her har det vore stengt sidan klokka 10.20 tysdag.

Ifølge operatør Pål Haugbro ved Vegtrafikksentralen region midt gjeld meldinga det same vogntoget som køyrde seg fast her tysdag.

- Vi har fått melding frå entreprenør at dei skal ut og inspisere i løpet av dagen. Førebels vil det bli gjennomført manuell dirigering på staden, seier han.

Det er onsdag ikkje meldt om glatt vegbane på staden.

Ifølgje Sunnmøringen var det fleire vogntog som fekk problemer tysdag mellom ferjekaia på Stranda og Strandafjellet.

OPPDATERT: Klokka 11.13 melder Vegtrafikksentralen at fylkesveg 60 ved Ringstad er opna etter berging av vogntoget.

Dirigering ved Hellesyltporten

Statens vegvesen melder også om manuell dirigering ved Hellesyltporten tunnel på fylkesveg 60 onsdag. Dette gjelder ein forbindelsesveg på strekninga Hellesylt – Hellesylt ferjekai, ifølge vegvesenet.

Her blir det manuell dirigering på grunn av vedlikehaldsarbeid onsdag frå klokka 09.00 til14.00.

Sunnmørsposten oppdaterer saka.

Vegmeldingar frå vegvesenet for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Vegmeldingar frå vegvesenet for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)