Det går fram av årsrapporten for 2017 som sorenskrivar Elisabeth Wiik har sendt Domstoladministrasjonen.

Året var prega av at Domstoladministrasjonen ved førre årsskifte påla tingretten å halde ei stilling som dommarfullmektig ledig.

Sjølv om domstolen hadde spart inn det dei skulle i mars, fekk dei ikkje ny dommarfullmektig på plass før i oktober. Difor hadde ein berre to dommarar i store deler av 2017.

– Dette har sjølvsagt prega saksavviklingstida, skriv Wiik.

Meir alvorlege saker

Sidan talet på saker gjekk ned, klarte domstolen måla for avvikling av tvistesaker og einedommarsaker.

– Som vanleg har dei tilsette ved tingretten ytt meir enn ein kan forvente, og dette har kome brukarane våre til gode, skriv Wiik.

Tingretten fekk inn 55 nye meddommarsaker i fjor, noko som er ein nedgang på 27 prosent frå året før. Men sakene var større og meir alvorlege enn året før. Ni av sakene var så alvorlege at dei har strafferamme på over seks år (mot fem året før).

Sjølv om talet på saker gjekk ned og det var ein dommar mindre, sat dommarane fleire timar i retten i meddomsrettssaker.

Fleire konkursar

Årsmeldinga viser også ein auke i einedommarsaker, frå 176 til 209 saker. Talet på tilståingssaker, førarkortbeslag og besøksforbod var om lag likt i høve til 2016, men det er blitt fleire oppnemningar av støtteadvokatar og forsvararar i tilknyting til avhøyr av barn ved barnehuset.

Det kom elles inn 66 konkurssaker i 2017, mot 50 året før. I siste året med vigslar i tingretten, blei 41 par vigde (37 par i 2016).

Uvisse om lokalisering

I årsmeldinga tek Wiik også opp at dei har brukt mykje tid på diskusjon med Domstoladministrasjonen om kvar tingretten skal halde til. Domstoladministrasjonen har hittil ikkje vore villig til å inngå langsiktig leigeavtale med Statsbygg for huset dei no held til i, slik at dette kan bli pussa opp. I staden vurderer dei å flytte tingretten til eit bygg i Sjukehusvegen som står i fare for å bli rive i samband med Voldatunnelen.

– Kvar vi skal halde til i framtida er per i dag ikkje avklart, men vi har fått presentert to ulike alternativ for utforming i Sjukehusvegen som vi har gitt våre kommentarar til, skriv Wiik som no ventar på vidare tilbakemelding frå Domstoladministrasjonen.