Vågsøy vedtok folkerøysting om Kinn

Med 17 mot 10 røyster går Vågsøy kommunestyre inn for folkerøysting om Kinn kommune, melder Fjordenes Tidende.

Vågsøy og Flora skal etter planen slå seg saman til Kinn kommune.   Foto: Sofie Svanes Flem /Carto

Nyheter

Vedtaket kjem etter eit innbyggjarinitiativ.

Vågsøy og Flora, som ikkje grensar til kvarandre, planlegg å slå seg saman til Kinn kommune. Bremanger, som ligg mellom, vil ikkje bli del av den nye kommunen.

Før folkerøystinga må tolkninga av delt kommunesenter avklarast, skriv Fjordenes Tidende.

Folkerøystinga i Vågsøy skal gjennomførast i juni.