Frå før dekkjer Frøy-gruppa Nord-Norge, Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

– Med oppkjøpet av Seadive er vi godt posisjonert for å vekse ytterlegare i kystområda i Hordaland, og etter kvart i Rogaland, seier Joar Gjerde, dagleg leiar i Frøy Vest, i ei pressemelding.

Blir 165 tilsette

Gjerde opplyser at oppkjøpet av dykkarselskapet Seadive AS er i regi av Frøy Vest i Ørsta. Selskapet har 15 tilsette og omsette i fjor for 30 millionar kroner.

– Vi har begynt å bli ein stor lokal arbeidsgivar. Frøy Vest og Frøy Vest Rederi AS har per i dag om lag 150 ansatte, i tillegg kjem no dei tilsette i Seadive, seier Gjerde.

Mange av dei tilsette kjem frå Sunnmøre, frå blant anna Hareid, Ulsteinvik, Herøy, Ørsta, Volda, Sande og Ålesund. Dei fleste er sjøfolk, og mange er tidlegare tilsette i offshore-reiarlag, ifølgje Gjerde.

Har fem fartøy

Seadive AS sit på betydeleg dykkerkompetanse og er godt etablert i havbruksnæringa, ifølgje pressemeldinga.

Dei har i dag fem fartøy som alle er spesialutrusta for dykkartenester. I tillegg har dei faste dykkarstasjonar integrert i lastebilar og spesialbygde tilhengarar.

– Dei tilsette i Seadive har ei betydeleg dykkar- og servicekompetanse, og passar derfor svært godt inn hos oss i Frøy-gruppa, seier Gjerde.

Åge Kismul som er dagleg leiar og hovedaksjonær i Seadive, er godt nøgd med at dei no blir ein del av Frøy-gruppa.

– Dette vil bidra til vidare vekst av selskapet, og utvikling av tilsette og kundeforhold, seier han i pressemeldinga.