I tillegg fekk ho 1. prisen i klassa monokrom, for same bilete. Begge er prisar som blir delt ut under NM i foto, arrangert av Norsk Selskap for Fotografi (NSFF).

Klubbvinnar

– Eg er veldig stolt og veldig glad. Dette er faktisk noko av det største du kan få på det nivået, seier Skår, som har vore medlem i Skodje fotoklubb i to år.

Ein fotoklubb som blei NM-vinnar samanlagt i 2017.

Rørt jury

– Det kan nemnast at biletet gjorde eit sterkt inntrykk på juryen, som nesten tok til tårer, uttalte juryen, som tilrår alle som har moglegheita til å sjå papirversjonen av biletet, fordi den gir eit vesentleg sterkare uttrykk.

Likar å jobbe åleine

Men sjølv om ho er medlem av fotoklubben i Skodje, regnar Skår seg som ein eremitt, som likar å jobbe åleine med prosjekta sine.

Fotointeressa tok av for alvor i 2014.

– Eg har alltid vore ein kreativ person, og fotointeressa har lagt der. Men i 2014 starta eg på Alnes, med eit gamalt kamera. Etter kvart tok eg tusenvis av bilete, mest natur, bølgjer, stein, sjø, fjell og vatn. Det blei så intenst at eg måtte ha meg ei pause, men fekk gløden att med nytt fotoutstyr i 2015.

Referansar til musikk

I 2017 byrja ho å ta bilete av menneske, og brukte venene sine som modellar, i ulike settingar.

– Det som inspirerer meg er hendingar, kjensler i livet rundt meg, ulike tema, ofte med referansar til musikk, fortel vinnaren.

Gripande samtale

I dag likar ho å planlegge kva ho skal ta bilete av.

– Men vinnarfotoet «You … Stole my soul» var eit augneblikksbilete, som blei til under ein fototur med bestevenen min, etter ein samtale som greip oss begge. Pluss vinden som traff oss i andletet. Tittelen var spot on, seier Skår.

Oppildna av prisane har ho byrja å leggje nye planar. Draumen er å halde «ei ordentleg utstilling» i 2018.

Vinnaren: Line Skår stakk av med to prisar under NM i foto. Foto: Privar