Rådmann Olaus-Jon Kopperstad rår difor til at kommunestyret godkjenner innkjøp av ein reinhaldsrobot til bruk i Herøyhallen og Herøy kulturhus. Pris: 350.000 kroner.

Bakgrunnen for saka er at eigedomsavdelinga i Herøy kommune overtok ansvaret for reinhaldet av Herøyhallen frå 1. januar i år.

Tidlegare var det kulturavdelinga som hadde ansvaret for reinhaldet av hallen.

Endringane frå nyttår gjer at eigedomsavdelinga no har ansvaret for reinhaldet både av Herøy kulturhus og Herøy- hallen.

Ute av drift

Ved overtakinga av reinhaldsansvaret overtok eigedomsavdelinga også ei 20 år gamal reinhaldsmaskin som for tida er ute av drift og meir enn klar for utskifting.

I Sogn og Fjordane fekk dei sin første reinhaldsrobot i fjor haust. Sogn Avis fortel at ein såkalla Intellibot har teke over vaskinga av Blixhalli i Vik.

– Robotar er framtida. Dei vil ta meir og meir over. Eg håpar at mange kan sjå nytta av å bruke dei. Eg håpar også dette kan vere med på å få meir fokus på reinhald, seier reinhaldsleiar May Britt Lunde i Vik kommune til avisa.

Kan lette arbeidet

Herøy kommune er svært interesserte i å prøve ut ein robot, og trur han kan lette arbeidet for reinhaldarane. – Dei kan starte roboten for så å prioritere reinhald av andre område som ikkje roboten kan ta, meiner rådmannen.

I Vik gjer dei det slik at roboten tek seg av vaskinga i sjølve hallen, medan levande reinhaldarar gjer reint i garderobane, der roboten ikkje kjem til.

– Reinhaldet av Herøyhallen er tidkrevjande og omfattande, men også viktig med tanke på det aktivitetsnivå som er i bygget generelt, og i salen spesielt, legg rådmannen til.

– Dersom eigedomsavdelinga skal gjennomføre reinhaldet med tradisjonell reinhaldsmaskin, vil reinhaldet innebere om lag to timar pr. dag. Med ein reinhaldsrobot kan dette arbeidet gjennomførast automatisk, legg rådmannen til.

I tillegg til kulturhuset og Herøyhallen, trur rådmannen at det også kan vere aktuelt å nytte reinhaldsrobot i fleirbrukshallen ved Einedalen skule.

Robot-saka skal opp i formannskapet 6. februar, og i kommunestyret 15. februar.

Reingjeringsrobot: Det er ein robot av denne typen Herøy kommune vurderer å ta i bruk. Foto: Taski Foto: Taski