Ein spesiell båt er observert på Sunnmøre laurdag – sightseeingbåten «Vision of the Fjords». Katamaranen er bygd ved Brødrene Aa i Gloppen og har vunne ei rekkje nasjonale og internasjonale prisar. Båten er blant anna kåra til Årets Skip.

Laurdag formiddag passerte båten Herøy, ifølgje Marine Traffic. Her går det også fram at båten er på veg til Ålesund. I to-tida laurdag ettermiddag var båten framme.

Båten skal seinare i veka sigle inn Storfjorden og Geirangerfjorden. Dette skjer i samband med at Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv for tredje gong arrangerer Grøn Fjord-konferansen.

Konferansen som blir arrangert 8. og 9. februar har i år tittelen «Verdsarvfjordane - Noregs framtidige, GRØNE FYRTÅRN?».

Og konferansen startar med båttur frå Ålesund inn Geirangerfjorden med «Vision of the Fjords».

– Aldri før har ein passasjerbåt av ein slik størrelse sigla inn Geirangerfjorden, på ein slik miljøvennleg måte – elektrisk (hybrid), lydlaust, historisk og tilnærma sporlaust, heiter det om båtturen.

Har du bilde av båten på Sunnmøre? Send dei til internett@smp.no