Stod i kø for gåvekort

Biltema opna butikk på Nordfjordeid laurdag, og allereie før klokka sju var det lang kø av folk som ville sikre seg opningsgåve frå butikken.
Nyheter

Det er Fjordabladet som skriv dette.

Biltema-butikken er ifølgje avisa den største enkeltetableringa av butikk i Nordfjord nokon gong.

Butikkjeda hadde lokka med gåvekort til dei 100 første kundane. I køen som hadde samla seg utanfor butikken tidleg laurdag morgon, var det nok like mange av dei som fekk og ikkje fekk gåvekort, rapporterer avisa.