(Fjordingen) Med flunka ny trakkemaskin vert det køyrt løyper til Skredfjellet. Ingen lang tur, men på dei knappe fem kilometrane tur-retur får ein til gjengjeld ei fantastisk utsikt over Nordfjord og mot Sunnmøre.

For dei som ønskjer seg på toppturar utanfor spor er det mange mulegheiter. Staurinibba med sine 1.379 meter eit flott turmål nærme unna. Truger er eit fint alternativ til skia og dette kan leigast hos Loen Active.

Akeeldorado

Elles er aking ein aktivitet det blir satsa på ved den nye turistmagneten i Loen. Rett bak toppstasjonen og restauranten er det preparert ein flott akebakke. Her kan små og store leike seg med kjelkar utleigd av Loen Active. Anten trekjelkar av den tradisjonelle sorten, laga av Utvik Tre, eller stålkjelke bygd for endå meir fart.

Saka blei først publisert på fjordingen.no.