Eit lån på 100 millionar kroner blir nødvendig for å få det til. Onsdag får samferdselsutvalet saka på bordet.

Den kronglete vegen mellom Vard-verfta i Haram og søsterverftet i Tomrefjord er kanskje den verste. På dei 11 kilometerane, kjend som Nakkedalen, sviktar sjølve vegkroppen. Resultatet er sprekkar og hol i asfalten.

Også ti andre vegstrekningar i fylket er foreslått utbetra.

Les også: Her kan det bli ny asfalt i år

Vegforsterking

Av totalt 11 foreslåtte vegar er fire på Sunnmøre:

  • Fv. 60 Fjørstad-Overvoll. Stranda. 2,8 km.

  • Fv. 63 Myklebust-Holbrua. Norddal. 2,7 km.

  • Fv. 655 Norangsdalen. Ørsta-Stranda. 5,8 km.

  • Fv. 147 Vatne-Fiksdal. Haram/Vestnes. 11,2 km.

Kjelde: Fylkeskommunen

Ny vegkropp

Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter syns det er på høg tid at vegen mellom Haram og Vestnes får eit skikkeleg løft.

– Dette er ein viktig veg for delar av industrien, og med ÅDT på 600 bilar. Frå Haram er dette også kortaste veg til Vestnes og Molde. Vegen har hol, sprekkar og dårlege vegskuldrer, seier Krogsæter.

Dette er anbefalinga frå samferdselssjefen:

– Det skal fellast ein god del skog, slik at sikta blir betre. Det skal etablerast fire nye møteplassar, og om lag fem km veg breiddeutviding for å oppnå ei noko jamnare vegbreidde. I tillegg ein del masseutskifting og fjerning av store stein i vegkroppen. Nytt rekkverk. Ny asfalt.

Utbetringa er berekna å koste 14 millionar kroner.

– Ikkje grundig nok

Mange av vegane som no er fylkesveg vart bygd ved hjelp av stein- og grus frå nærområda. Dette var ei god løysing då, men samfunnsutviklinga sitt endra krav til mobilitet og transport stiller heilt andre krav til vegane no, heiter det i innstillinga til dagens møte.

For dei ti andre vegane på lista er det likevel berre foreslått enklare tiltak, som nye stikkrenner og rekkverk. Sjølve bereevna skal forsterkast med asfalt. Det reagerer Frank Sve (Frp) på.

– Det er ikkje dette vi bestilte, seier han.

– Det vi vil med forsterkingsprogrammet er å utbetre dei vegane som har så dårleg bereevne at det ikkje er vits i å legge asfalt. Då må vi bygge vegane opp att frå grunnen, seier Sve.

Han antydar at saka kan bli sendt tilbake til administrasjonen for ny behandling.

Låne 100 mill

Uansett kan ikkje Sve love at desse vegane blir prioritert i år. Til vegvedlikehald foreslår administrasjonen at fylket låner 50 mill. kroner i år og 50 mill. kroner neste år. Sve er usikker.

– Det kjem an på kor mykje pengar som går til ferjedrifta når det kjem lågutsleppsferjer. Vi må ha eit samferdselsbudsjett i balanse. Vi må ha ein grundig debatt om kva vi klarer å ta inn i budsjettet, seier Sve.

Fv. 655 er foreslått opprusta for 8,4 mill. kroner. Arkivfoto: Knut Arne Aarset Foto: Knut Arne Aarset