Ny E39:

Vestnes Ap vil ha Romsdalsaksen utgreidd

Vil også ha vurdert framleis ferjedrift som alternativ til Møreaksen.

Illustrasjon: Romsdalsaksen AS 

Nyheter

(Rbnett) Det var på årsmøtet til Vestnes Arbeiderparti måndag kveld at spørsmålet om kryssing av Romsdalsfjorden vart tatt opp. Partiet har saman med resten av kommunestyret i Vestnes tidlegare støtta Møreaksen, med tunnel under Tautra og bru over Julsundet som framtidig E39. Denne løysinga er seinare vedtatt av Stortinget, men motstandarane nektar å gje seg.

Opnar for omkamp

No signaliserer Vestnes Arbeiderparti, som første store lokallag i eit politisk parti i Romsdal, at dei opnar for omkamp. Vestnes Ap vil at Romsdalsaksen, med flytebru til Sekken og bruer vidare til Skålahalvøya og over Fannefjorden, blir vurdert som alternativ. Slik lyder uttalen som vart vedtatt på årsmøtet:

«1. Vestnes Arbeiderparti konstaterer at det er eit stort og positivt engasjement rundt ulike fjordkryssingsalternativ over Romsdalsfjorden. Spørjeundersøking gjennomført av Norstat viser eit sterkt folkeleg engasjement og ønske om alternative utredningar.

2. Vestnes Arbeiderparti sluttar seg til ønsket om å utgreie Romsdalsaksen som eit alternativt fjordkryssingsprosjekt.

3. Samtidig er det eit ønske at framleis ferjedrift vert vurdert på nytt.»

Nytt styre

Vestnes Ap valde Stig Holmstrøm som ny leiar. Dei andre i styret er Aud Marie Bergdal, Vidar Venås, Nina Kvernmo, Harald Johnny Tomren, Sara Ali og Aud Sissel Suoranta (leiar av kommunestyregruppa). Varafolk: Karin Pedersen, Inge Bergum og Birgit Grotle.

Denne saka vart først publisert av Rbnett