Klar for å arrangere «Bygdepride» i Ørsta og Volda i mai

– Det blir ein folkefest

Tysdag vart programmet for det komande «Bygdepride» i Ørsta og Volda presentert på Høgskulen i Volda. – Responsen har vore utruleg, seier leiar Anbjørn Steinholm Frislid.

Klare for festival: På tysdag vart programmet for «Bygdepride» sluppe på Høgskulen i Volda. Frå venstre: Ingrid Kristine Sylte, leiar Anbjørn Steinholm Frislid, Anne Martha Holsvik og Roy Aleksander Farstad. Foto: Ørsta/Volda Pride 

Nyheter

I fjor haust vart det klart at det vil arrangerast ein «Pride-festival» i Ørsta og Volda. Dette vil vere ein fire dagar lang festival der det, ifølgje sida på Facebook, «vil bli sett fokus på skeive rettar, mangfald og glede». Arrangør er Ørsta/Volda Pride, ein organisasjon som vart skipa i oktober 2017 for å sette fokus på rettane til lesbiske, homofile, bifile og transpersonar på bygda. No er programmet til festivalen klart, og det vil bli ei langhelg med mykje variasjon.