Stor stemning på gatenivå for hotellplanane på Hellesylt

– Vi står klare og applauderer

– Vi skal stå klare med entusiasme og stor ærbødigheit – den dagen Knut Flakk og døtrene kjem og stikk spaden i jorda!

Optimistisk peiking: Åge Gjørvad t.v og Oddvar Gausdal peikar på kvart sitt forelda Flakk-hus ved Hellesyltforssen - gamlemeieriet til venstre og ærverdige Grand Hotell til høgre. – Alt ligg til rette for at Knut Flakk og døtrene no kan satse - og verkeleg få det til, meiner dei to.  Foto: KNUT ARNE AARSET

Nyheter

Dette lovar 86-åringen Åge Gjørvad skråsikkert og heilagt, for høvet henta ut frå karaklubben ved Coop-butikken på Hellesylt. Lånt ut frå klubben blir også ein tilreisande gjest, Oddvar Gausdal (67). Han er busett på Eidså i Vanylven, men fødd og oppvaksen her på Hellesylt.

LES OGSÅ: Skal bygge hotell på Hellesylt

Eit skikkeleg storhende

– Flaks at du var på heimvisitt den dagen hotellsaka kom ut?

– Ja, det var jo heilt prima å kunne preike om dette storhendet med gjengen på middagsbørsen på Coop’en! For desse planane er jo verkeleg eit storhende for både bygda og området rundt, slår sunnylvingen i vanylven-eksil ettertrykkeleg fast. Han er her så ofte han kan.

– Kva trur du ei større hotelletablering vil bety?

– Det vil kunne gje heile bygda eit kjempeløft på fleire plan. Ikkje minst vil det kunne huke litt meir tak i det etter kvart enorme talet på turistar som passerer her, på veg til eller frå andre stader, trur Gausdal. Far hans er fødd og oppvaksen i Oaldsbygda, rett tvers av Åkerneset - og den nesten endelaust mykje omtala Åkernesremna.

Fryktar ikkje bølgen

Friluftslivet: Wenche Ringdal utfordrar Flakk & Co til å sjå dei enorme mulegheitene for friluftsliv kring Hellesylt.  Foto: knut arne aarset

– Når du stammar direkte frå dette området, kva tenkjer du om «Bølgen-syndromet»?

– Eg tenkjer at mykje av sensasjonspreget kring dette har lagt seg. Eg tenkjer vidare at varslingssystem og målingar no er så optimale at ingen ting vil skje anna enn kontrollert og varsla.

– Eg trur med andre ord ikkje at det vil verke inn korkje på hotellplanar eller anna etablering her, seier Gausdal.

Vil gje Flakk-familien medalje

Her får han full støtte av Åge Gjørvad.

– Eg gidd i grunnen ikkje å snakke om Åkerneset og dei greiene i det heile. Vi som har levd eit langt liv her kjenner oss trygge og nøgde, så kvifor skal andre då blåse dette slik opp, skjenner Gjørvad. Men når det gjeld Flakk sine planar er den tidlegare yrkessjåføren i fyr og flamme.

– Ja du kan no skjøne! Viss Flakk og folka hans også maktar å restaurere Grand Hotell til fordums prakt og vel så det, ja då bør dei få medalje, av edlaste valør, insisterer Gjørvad.

Nøkternt sett: Finaste staden

Glade kassadamer: Gunn Elise Gjelsvik tv. og Michelle De Vries jobbar begge på Coop-butikken på Hellesylt. – Vi har berre godt å seie om nyhendet om hotellbygging, og vi trur på prosjektet.  Foto: knut arne aarset

Han er særleg oppteken av krigshistoria, og han trur det kunne gjerast eit flott opplegg ut av å dramatisere noko frå den delen av historia på hotellområdet. – Det er i grunnen ikkje særleg rart - at ein mann med pengar i reiselivsbransjen – alt frå før har sikra seg fotfeste gjennom både gamlehotellet og meieriet her på Hellesylt.

– Vi snakkar trass alt om finaste staden på heile Sunnmøre, alt teke i betraktning, insisterer Åge Gjørvad og tek lette steg over den gamle og smale steinbrua mellom hotellområdet og sentrum.

– Må satse på heilårs natur

Så langt klare meldingar frå Coop-børsen. Inne i sjølve butikken er det også svært god stemning denne dagen. Butikksjef Michelle De Vrier synest nyheita om hotell er storarta.

– Det vil kome heile bygda til gode. Det vil skape meir liv og entusiasme – og truleg danne grobotn også for andre etableringar trur ho. Wenche Ringdal er innom for å handle kveitemjøl, mellom anna.

– Framifrå, dersom dette slår til. Her har jo vore liknande planar med same aktør for ti-femten år sidan, men dei vart lagt på is.

– No ser det langt lysare ut. Personleg vil eg framheve dei enorme mulegheitene for naturturar i absolutt alle kategoriar som bygda vår kan by på. I tillegg kjem nærområda mot Hjørundfjorden og grannebygdene elles. Eg håper eit nytt hotell veit å trekkje heilårsgjester på dette, foreslår Ringdal.