Ein einsleg bil har køyrd i fjellveggen, skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

- Førar ute av bilen, ukjent skadeomfang, skriv politiet.

Nødetatane er på veg til staden, skreiv dei i meldinga klokka 15.31.

Ulykka skjedde på fylkesveg 661 mellom Straumen og Grindvika, fortel operasjonsleiar Erik Mikalsen i Møre og Romsdal politidistrikt.

- Brannvesenet er på staden. Etter meldingane vi har fått er bilførar tilsynelatande uskadd. Ambulanse er uansett på veg, seier Mikalsen til Sunnmørsposten klokka 15.40.

Oppdatert klokka 16: Kjøretøyet er fjernet fra stedet, begge kjørefelt åpnet, skriver politiet på Twitter.

- Opplyses at det er glatt på stedet, skal være hardpakket snø. Fører er uskadd, skriver de i meldinga.